Forlenging av prosjektet Menota TVB

Norges Forskningsråd (NFR) har forlenga prosjektet Menota TVB med eitt år, slik at det i alt vil gå over fire år. Ny sluttdato er fastsett til 31. desember 2006. Bakgrunnen for forlenginga er at ein del av konsulentane ved Aksis har vore ute på ulike former for permisjon, slik at særleg det eine delprosjektet (utvikling av lemmatiseringsrutinar) ligg på etterskot. Dette er no i ferd med å rette seg opp, men det ville ha vore vanskeleg å fullføre alle delar av prosjektet etter planen innan utgangen av 2005.

Forlenginga er svært gledeleg for prosjektet, og gjer at det vil kunne nå dei oppsette måla med god margin.


Oppretta 05.03.2005. Sist oppdatert 22.03.2005.