Gullskoen runefont for Mac og Windows


Innhald

Gullskoen inneheld om lag 150 teikn frå det yngre runealfabetet: hovudformene og enkelte variantar av langkvistrunene, kortkvistrunene, dei stavlause runene og dei nordiske mellomalderrunene (inkl. gutniske, islandske og grønlandske teikn). Det inneber at fonten ikkje representerer ei enkelt runerekkje, men teikn frå eit vidt geografisk område og frå ein fleire hundre år lang periode. Hovudtyngda ligg på norske runer.

Gullskoen inneheld alle teikn frå det eldre runealfabetet i Unicode Runic 16A0–16FF, og har dertil ei lang rekkje variantar.


Kva med det eldre runealfabetet?

Gullhornet er ein tilsvarande font for det eldre runealfabetet, inkl. angelsaksiske og frisiske runer. Også denne blir distribuert kostnadsfritt.


Kvifor namnet Gullskoen?

Gullskoen er oppkalla etter ein av dei gamle bygardane på Bryggen i Bergen. Etter brannen i 1955 vart det funne ei stor mengd innskrifter i det yngre runealfabetet på Bryggen.

Bruksvilkår

Gullskoen blir distribuert under Creative Commons-lisensen BY-NC (namngjeving og ikkje-kommersiell). Det vil seie at fonten kan lastast ned og brukast kostnadsfritt, inkl. til publisering på papir eller på skjerm. Dessutan kan andre arbeide vidare med han (t.d. modifisere fonten eller leggje til nye teikn), men dette må skje på ikkje-kommersielle vilkår.

Opphavsretten ligg hos utviklaren, Odd Einar Haugen (Universitetet i Bergen, LLE, Sydnesplassen 7, NO-5007 Bergen).

Gullskoen kan brukast utan ytterlegare løyve, og det er ikkje nødvendig å referere til utviklaren om fonten blir brukt til publisering.

Utviklaren har ikkje ansvar for eventuelle feil som oppstår i samband med bruken av fonten.


Fullstendig oversyn

Eit fullstendig oversyn over alle teikna i Gullskoen kan lastast ned som PDF-fil:

Gullskoen (19 sider / 40 kB).

Etter at fonten er installert, kan du også få eit oversyn over alle teikna ved å bruke kommandoen “Sett inn symbol” i programmet Microsoft Word. Du kan også bruke “Tastaturvisning” for å sjå kvar teikna er plasserte.


Nedlasting av Gullskoen

Gullskoen kan lastast ned ved å klikke på ei av lenkjene nedanfor. Både på Windows og Mac blir fonten overførte som zip-fil. På dei fleste maskinar vil slike filar pakke seg ut automatisk, men i nokre tilfelle må du installere eit særskilt program for dette, t.d. Stuffit Expander (Mac-versjon | Windows-versjon).

Nokre nettlesarar kan prøve å opne fontfilen i eit nytt vindauge. For å sikre at filen blir lasta ned, kan du høgre-klikke (Windows) eller opsjon-klikke (Mac) – avhengig av innstillingane på din nettlesar.

Gullskoen kan installerast på same måte som alle andre fontar. Følg instruksjonane for ditt operativsystem.

 

Mac

TrueType

PostScript (Type 1)

 

 

Windows (og Linux)

TrueType

PostScript (Type 1)

 

Kva slags fontformat skal eg velje?

Mac kan du med fordel velje TrueType ettersom kvaliteten på dette formatet i dei fleste samanhengar er like høg som PostScript. Under system OS 9 bør du velje det eigne TrueType-formatet til Mac, men under Mac OS 10 kan du like gjerne bruke Windows TrueType-fontar, for i denne versjonen av operativsystemet blir også Windows TrueType støtta. I nokre tilfelle kan det vere ein fordel med PostScript (Type 1) på Mac, dersom du har særlege skrivarar som krev det, eller dersom du skal bruke fonten i bokproduksjon og satsen blir laga med grunnlag i PostScript-fontar. I så fall skal du installere både ein skjermfont (bitmap) og ein konturfont (PostScript) og, om ønskeleg, ein afm-font (metrikk). Alle tre følgjer med i zip-filen.

Windows er TrueType det allmenne formatet og det som er enklast å bruke. For dette formatet er det berre ein fil som skal installerast. Også her kan ein bruke PostScript-fontar (Type 1), men etter det eg veit er desse mindre brukte på Windows enn på Mac. Her må ein installere fleire filar. All følgjer med i zip-filen.

Linux kan ein – så vidt eg veit – bruke Windows TrueType-fontar.


Problem?

Ettersom Gullhornet blir distribuert gratis, har eg dessverre ikkje høve til å yte hjelp eller oppfølging. Men eg har lagt ut nokre Ofte Stilte Spørsmål og mine svar på dei.

 


Oppretta 07.08.1996 av OEH.
Sist oppdatert 16.07.2016 av OEH.